fredag 16. mai 2014

Frukostblanding

Ingrediensar:

4 ms valnøtter
4 ms hasselnøtter
1 dl appelsinjuice (eller annan fruktjuice)
1 ms flytande margarin
1 ms sukker
1 ms honning
6 dl havregryn
1 dl solsikkekjernar
3 ms sesamfrø

Framgangsmåte:

1. Set steikjeomnen på 140 grader og legg bakepapir på eit steikjebrett.
2. Grovhakk nøttene.
3. Ha juice, margarin, sukker og honning i ein liten kjele.
4. Varm opp medan du rører. Rør til sukkeret er oppløyst.
5. Bland saman dei andre ingrediensane i ein bolle.
6. Hell juiceblandinga over i bollen og bland.
7. Forden frukostblandinga jamt utover på steikjebrettet med ein slikkepott.
8. Set brettet midt i  steikjeomnen.
9. Bruk gryteklutar og ta ut steikjebrettet etter ca. 30 minutt.
10. Rør i frukostblandinga med ei tresleiv og steik vidare i 15-20 minutt.
11. Avkjøl og et blandinga med mjølk eller yoghurt og friske bær eller frukt i bitar.







fredag 9. mai 2014

Arme riddarar

Ingrediensar:

2 egg
1-2 ms sukker
2 dl mjølk
1/2 ts kardemomme
1/4 ts kanel
4 skiver brød, gjerne nokre dagar gamle
1-2 ts flytande margarin til steiking

Framgangsmåte:

1. Visp egga lett saman med sukker, mjølk og krydder. Hell blandinga i eit fat med kanter.
2. La brødskivene liggje i røra til dei er gjennombløytte.
3. Ta opp brødskivene og steik dei med litt margarin i steikjepanne på middels varme. Steik på begge sider til dei er pent gulbrune.
4. Server arme riddarar straks med rørte bær eller syltetøy.


 

Eggepanne

Ingrediensar:

4 egg
4 ms vatn
1/2 ts salt
1/4 ts pepar
1 finhakka kvitlauk
1 vårlauk eller 1/4 purre
1/4 squash
1-2 ts flytande margarin til steiking
1 dl riven ost eller 2 ms fetaost

Framgangsmåte

1. Visp egg, vatn, salt, pepar og eventuelt kvitlauk.
2. Skyl vårlauken eller purren og skjær den i tynne skiver.
3. Skjær tomatane i skiver eller del cherry-tomatane i to.
4. Skjær squash'en i tynne skiver.
5. Ha margarin i ei middels varm steikjepanne. Slå i eggeblandinga.
6. La eggeblandinga stivne litt og fordel grønsakene og osten over.
7. Skru ned varmen og la eggepanna stivne heilt, gjerne under lokk.
8. Bruk steikjespaden og stikk litt i eggepanna medan ho stivnar, slik at det flytande renn ned i botnen.
9. Server gjerne rista brød (restar) til.








fredag 28. mars 2014

Asiatisk kyllingwok


Ingrediensar:

1 brokkoli
1 båt kvitlauk
2 ms olje til steking
2 kyllingfiletar
2 ms østersaus
2 ms cashewnøtter

Framgangsmåte:

1. Vask brokkolien og del han i små biter. Finhakk lauken.
2. Skjer kyllingfiletane i tynne strimlar, om lag så tjukke som lillefingeren din.
3. Ha 1 ms olje i ei steikjepanne eller wokpanne, og varm opp til nokså sterk varme.
4. Ha kyllingstrimlane i panna og steik dei til kjøtet blir kvitt.
5. Ta kjøtet ut av panna, og legg det i ein djup tallerken.
6. Ha i resten av olja og hald fram med wokkinga med kvitlauk og brokkoli.
7. Rør om, og ha god varme og steik i 3-4 minutt.
8. Ha kyllingstrimlane tilbake i panna og tilsett østersausen og cashewnøttene.
9. Rør om, og la woken stå på varme i 2 minutt.
10. Server straks. Grønsakene skal vera sprøe og kjøtet gjennomsteikt.
11. Server kokt basmatiris til.

Til dessert denne dagen, lagde vi fruktcocktail med vaniljesaus.





fredag 14. mars 2014

Denne oppskrifta skulle vore lagt ut rett etter nyttår. Her er den, i alle fall...

 

Nordlandslefse


Ingrediensar:
250 g margarin
4 koppar kefirmjølk
1 kopp rømme
5 ss sirup
2 koppar sukker
1,5 ts hornsalt
1 ts natron
mjøl

Slik gjer du:
1. Smelt margarin i ei panne.
2.Røyr natron ut i surmjølka.
3.Røyr hornsalt ut i litt varmt vatn.
4.Bland alt saman.
5. Kna deigen og del den i mindre bitar, ca 4-5 stk.
6. Kjevle ut kvar del til ei rund leiv.
7.Skjær ut sirkelforma emne rundt eit passande stort fat.
8. Steik på begge sider på ei takke eller ei steikepanne.


 

Julebrød


Ingrediensar:
1000-1100 g kveitemjøl
6 dl mejølk (ca. 20-25 grader)
25 g fersk gjær, gjerne raud type
150 g sukker
2 ts kardemomme
1/2 - 1 ts salt
1 egg
150 g smør i terningar
ca. 300 g rosiner
1 egg (vispa saman til pensling)

Slik gjer du :
1. Legg rosinene i varmt vatn som såvidt dekkjer rosinene.
2. La  dei trekkje i ca 30 minutt, gjerne lenger.

Når du skal blanda ingrediensane - bruk gjerne kjøkkenmaskin med eltekrok.

3. Bland alle ingrediensane, med unntak av smøret, rosinene og egget.
4. La kjøkkenmaskina stå på låg fart i ca. 10 minutt, til deigen slipp eltebollen.
5. Juster eventuelt med meir mjøl, om deigen er litt klissete.
6. Tilsett  så smøret i små terningar, og elt til deigen slipp kantane i eltebollen, og alt smøret er elta  godt inn i deigen, etter ytterlegare ca. 10 min.
7. Øk gjerne farten på kjøkkenmaskina opp mot middels fart undervegs.
8. Klem vatnet ut av rosinene, og elt dei inni deigen dei siste sekunda, til dei er nokonlunde jamnt  fordelte i deigen, men ikkje så lenge at dei blir moste.
9. Deigen skal no vera blank og fin og klar for heving.
10. Dekk bakebollen med plast eller lokk, sett deigen på ein lun stad, og la den kvila i ca 1 time eller til den har dobbel storleik.
11. Du skal ha ein mjuk, elastisk og smidig deig, som er lett og lar seg forma.
12.  Del deigen i tre eller fire like store bitar, og form til store bollar på eit bakebord dekt av mel.
13. La dei kvila i ca 15 min. Form deretter julebrøda i ønska fasong, og legg dei på eit bakepapirkledd steikebrett.
14.Dersom du lagar fire julebrød, bør du fordela dei på to steikebrett.
15. La julebrøda etterheva under klede eller plast til nesten dobbel storleik.
16. Pensle brøda med samanvispa egg, og skjer snitt i brøda.
17.Steik julebrøda på nedste rille ved ca.200 grader (over og undervarme) i 25- 30 minutt, eller til brøda har fått fin farge og er gjennomsteikte. Følg med mot slutten av steiketida, når det er gått ca. 20 minutt.
Dersom du synest julebrøda ser ut til å bli litt for brune på toppen, kan du legga eit bakepapir over brøda, eller du kan slå av overvarmen, slik at brøda vert stekte ferdige med kun undervarme. Avkjøl julebrøda på ei rist. Nytast med smør og geitost, eller det du måtte foretrekka.











fredag 7. mars 2014

Finnbiff

Ingrediensar:
2 gulrøter
100 g frisk sjampinjong
75 g bacon
1 ms flytande margarin til steiking
200 g reinskav
1 dl vatn
1 dl mjølk
3 knuste einebær
2 skiver brunost
1 dl seterrømme
1/4 ts tørka timian
1/4 ts salt
1/4 ts pepar

Slik gjer du:
Start med å kutta opp sopp, gulrøter og bacon. Steik baconet og reinskavet i ei steikepanne på sterk varme. Det steikte baconet og reinskavet vert lagt opp i ei gryte. Steik så soppen og gulrøtene i steikepanna. Hell så alt opp i gryta og tilset 1 dl vatn. Etter det tilset du rømme, brunost og tørka timian. Til slutt tilset du salt og pepar, og let alt koke i ca 10 minutt.

Potetmos


Ingrediensar:
6 poteter
5dl vatn
1 1/2 dl mjølk
2 ms flytande margarin
1/2 ts salt
1/2 ts pepper
1/4 potte frisk persille

Slik gjer du:
Først skreller du potetene, kutter dei opp og kokar dei.
Så byrjar du å stappe. Tilset mjølk og så margarin.

Lukke til!
























Nachos

Dette er skikkelig digg! Ein fantastisk deilig rett å be vener på, eller rett og slett ein rett du kan hygga deg med åleine. Denne oppskrifta er til 2 porsjonar.

Ingrediensar:

300g kjøttdeig/ karbonadedeig
1/2 lauk
1/2 frisk, raud chili i ringar
1 pose tacokrydder + vatn etter anvisning på posen
1 pose tortillachips à 200g
1/2 boks hermetiske brune bønner
1 salsa
1/2 finstrimla purre
1dl riven kvitost

Framgangsmåte:

1. Fres kjøttdeig, finhakka lauk og chilli i ei varm panne.
2. Tilset tacokrydder og vatn, og la sausen koka etter anvisning på pakken.
3. Legg tortillachipsen på eit ildfast fat, og fordel resten av ingridiensane på toppen, osten til slutt.
4. Gratiner i steikeovn på 225°C i ca 5 minutt.



Du kan òg bruke andre typer texmex-krydder, som fajita, enchillada eller burrito. Du kan og lage ditt eige tacokrydder.